-
Seniormiddag
Prosjektet "Saman til mat og kultur" var ein stor suksess og me fekk svært mange positive tilbakemeldingar, både frå deltakarar og lag og organisasjonar. Me ynskjer difor å vidareføre middagene - no utan prosjektmidlar.
Spikkekveld på Sentralen Gjenbruk
Velkommen til spikkekveld kvar onsdag kl. 18-20.Aldersgruppe: 14 til 100 år
Har du ein kniv og eit trestykke, ta det med deg.
Me kan spikke og skjere, men ikkje pusse og støve.
Me kan prate om laust og fast, men ikkje klage på fritidsproblem:)
Me er ein fin gjeng og nye er velkomne. Passar for ungdom og vaksen. GRATIS
Har du spørsmål, ring Steinar Smith 938 13 337.
Tips: TA MED PLASTER!
Del på:
-
Sentralen Gjenbruk og Møtestad
Velkomen innom på Sentralen Gjenbruk og Møtestad i Jondal sentrum.
-
Strikkeklubb
-
Turvenn / aktivitetsvenn med bebuarar på Vikevollen sjukeheim.
Likar du å gå tur i nærmiljøet her i Jondal? Kunne du tenkt deg å være turvenn med ein bebuar på Vikevollen eller andre heimebuande som har behov for ein turven? Vi samarbeider med Vikevollen Sjukeheim og ynskjer å bygge opp ei gruppe med frivillige som kan vera tur/aktitvitetsvenner. Ta kontakt med Frivilligsentralen:)
-
Ut på tur kvar onsdag
Vil du betre kjent med alle dei fine turstiane i Jondalsområdet? Då bør du bli med på onsdagsturane!