-
Sentralen Gjenbruk og Møtestad
Velkomen innom på Sentralen Gjenbruk og Møtestad i Jondal sentrum.
Seniormiddag
Prosjektet "Saman til mat og kultur" var ein stor suksess og me fekk svært mange positive tilbakemeldingar, både frå deltakarar og lag og organisasjonar. Me ynskjer difor å vidareføre middagene - no utan prosjektmidlar.Middagene vil bli fordelt rundt i gamle Jondal kommune, og vil fortsatt vere eit samarbeid mellom Jondal Frivilligsentral og lokale lag / foreninger.
Det er planlagt 5-6 middagar pr. år. - planen vert oppdatert med dato og stad fortløpande. Det vert lagt ut informasjon på alle sosiale kanalar i forkant av kvar middag.
Plan for 2026:
Februar: Middag i Herand kulturhus i samarbeid med Herand bygdelag. 10 februar 14.00
April: Middag på Jonatunet 14 april.
Juni:
August: Middag på Hardangerhouse 17 august.
Oktober: Middag på Jonatunet
Del på:
-
Spikkekveld på Sentralen Gjenbruk
Velkommen til spikkekveld kvar onsdag kl. 18-20.
-
Strikkeklubb
-
Turvenn / aktivitetsvenn med bebuarar på Vikevollen sjukeheim.
Likar du å gå tur i nærmiljøet her i Jondal? Kunne du tenkt deg å være turvenn med ein bebuar på Vikevollen eller andre heimebuande som har behov for ein turven? Vi samarbeider med Vikevollen Sjukeheim og ynskjer å bygge opp ei gruppe med frivillige som kan vera tur/aktitvitetsvenner. Ta kontakt med Frivilligsentralen:)
-
Ut på tur kvar onsdag
Vil du betre kjent med alle dei fine turstiane i Jondalsområdet? Då bør du bli med på onsdagsturane!