Turvenn / aktivitetsvenn med bebuarar på Vikevollen sjukeheim. Likar du å gå tur i nærmiljøet her i Jondal? Kunne du tenkt deg å være turvenn med ein bebuar på Vikevollen eller andre heimebuande som har behov for ein turven? Vi samarbeider med Vikevollen Sjukeheim og ynskjer å bygge opp ei gruppe med frivillige som kan vera tur/aktitvitetsvenner. Ta kontakt med Frivilligsentralen:)
Ut på tur kvar onsdag Vil du betre kjent med alle dei fine turstiane i Jondalsområdet? Då bør du bli med på onsdagsturane!
Vaffelstrikk - treff for kvinner i alle aldre Velkomen til ei uformell sosial stund med vaflar og hyggeleg prat, med eller utan strikketøy!
Samlingstund på Vikevollen Velkomen til samlingstund i Peisestova på Vikevollen ein onsdag i månaden. Dette velferdstilbudet arrangeres av Kvinne & Familielagene i Herand og Jondal.
Seniormiddag Prosjektet "Saman til mat og kultur" var ein stor suksess og me fekk svært mange positive tilbakemeldingar, både frå deltakarar og lag og organisasjonar. Me ynskjer difor å vidareføre middagene - no utan prosjektmidlar.