Takk for støtten til ny varmepumpe i Sentralen

Tusen takk til dere som valde å bidra til ein varm og god møtestad ved å gje oss støtte til ny varmepumpe!

Sentralen Gjenbruk og Møtestad i Jondal trengte sårt ei varmepumpe for å kunne skapa ein god og varm møtestad. Vi beslutta difor å starte ei innsamling og bad venner av Jondal Frivilligsentral og lokalt næringsliv om støtte. Og no er innsamlinga avslutta, og vi fekk inn 3450,-. Varmepumpa er no installert og vi kan gå ein varm og lun vinter i møte inne i Sentralen. Tusen takk for alle bidrag og ein spesiell takk til Coop Jondal som gav oss eit godt tilbod på varmepumpe, til privatpersonar og spesielt til Folgefonn Entreprenør As, Acos Invest As og Fonn Kontorservice for støtta! 

 



2024 © Jondal frivilligsentral