Me ynskjer å bidra til felleskap og positiv sosialisering for eldre heimebuande gjennom å skape gode mat og måltidsopplevingar med inspirerande kulturelle innslag. Dette gjer me ved å invitera til felles middagstreff 4 gonger på hausten og 4 på våren. Middagstreffa vil skje på ulike stader, frå kick off middag på det nye hotellet, felles middag med bebuarane på sjukeheimen, til god husmannskost på dei lokale grannahusa.
Fyrste treff er torsdag 9.sept kl. 13 - 15 på Hardanger House hotellet i Jondal
Musikalsk innslag: Arild B.Nielsen & Stewart Barry
Meny: Smørstekt kveite med friske grønnsaker / Sjokolademousse med skogsbær
Pris: Kr. 125,- pr. person (betales kontant, eller med vipps ved oppmøte)
Påmelding: Det vert begrensa plassar og førstemann til mølla prinsippet gjeld
Påmelding til Jondal Frivilligsentral på sms / telefon / epost
46526154 / jondal.frivilligsentral@gmail.com
eller via nettsidene våre: www.jondal.frivilligsentral.no
Påmelding til 1. treff på Hardanger House må skje innan 6. september
Gje oss beskjed om du treng skyss, så ordnar me det.
“Saman til mat og kultur” er eit prosjekt i regi av Jondal Frivilligsentral, finansiert gjennom tilskot frå Helsedirektoratet