Ledig 20 % prosjektstilling hos Jondal Frivilligsentral

Vi søkjer ein ekstra ressurs til prosjektet “Sentralen Gjenbruk og Møtestad” i Jondal. Stillinga er ei 20 % midlertidig prosjektstilling med varighet fram til 31.12.2021.

Arbeidsoppgåver: Bidra saman med dagleg leiar i oppbygginga av Sentralen som ein lavterskel møtestad med særleg fokus på aktivitet for seniorar og eldre. Leggja til rette for aktivitet, koordinere frivillige, samarbeid med pleie og omsorgstenesta, lokale lag/organisasjonar og andre det er naturleg å samarbeide med. 

Kvalifikasjoner: Me ynskjer at du har interesse for frivillig arbeid og forståelse av viktigheten med slike lavterskel møtestader. At du har  pågangsmot, og evne til godt samarbeid med leder og frivillige. Det vil og være ein fordel om du er kjend i nærområdet og kan nytte deg av eit godt lokalt nettverk. 

Sentralen skal vere ein stad kor alle kan kjenne seg heime og velkomne og ulike aktivitetar er under planlegging. Denne stillinga er dog retta særskild mot inkludering av seniorar og eldre. Fleksibel arbeidstid. Lønn etter avtale. Søknadsfrist: snarast og innan 31.10.2020

Høyres dette spennande ut? Då er du velkomen til å søkje på denne stillinga.

 Søknad kan sendast på mail til: jondal.frivilligsentral@gmail.com

Spørsmål om stillinga kan rettast til 

dagleg leiar Liv Bente Steiro tel 46526154


2024 © Jondal frivilligsentral