Ferietid og sommarhelsing frå Jondal Frivilligsentral

Det er tid for ferieavvikling og Jondal FS held no stengd frå 19.juli - 8. august. Men før ferie vil eg gjerne dele nokon positive saker frå denne våren. Det meste av aktivitet har helde fram som normalt etter at den siste nedstengingsperioden var over i vinter, og det har vore ein veldig fin vår med god aktivitet her på Frivilligsentralen.

Sentralen Gjenbruk og Møtestad viser seg å vere ein suksess så langt,  og gjennom gjenbrukssalet har me så langt dette året kunne støtte m.a følgande med overskot frå gjenbrukssalet: 

  1. På Vikevollen Sjukeheim har Sentralen Gjenbruk mellom anna sponsa følgande:  

  • To konsertar med Jimmy Næs og Ole Gjerde 

  • Sommeravslutning

  • Lagt inn straum på “Skytja” som no fungerar som ei snikkarbod for bebuarar og frivillige. Midlar til dette er frå tilskot frå Statsforvaltaren i Vestland

  • Innkjøp av stor solparasoll til uteplassen. Takk til Coop Jondal for medsponsing. 

  • Ei flott nesten ubrukt sofagruppe er gitt i gave til peisestova

  1. Nye benker utanfor lokala våre i Jondal sentrum

  2. Bidrag til Familiedag i Mikkelparken for småbarnsfamiliar i Ullensvang den 18. juni


Jondal Frivilligsentral har fått midlar til heile tre nye prosjekt:

  1. Tilskot frå Hardangerstiftinga til prosjektet “Oppgradering av Brekkefloren - ein kvilestad for vandrarar”.  Ei gruppe engasjerte turfolk tok i vinter kontakt med Jondal FS med ynskje om å restaurera Brekkefloren på Tveddal, og gleda var stor då tilskot på 55.000,- blei innvilga, og klarsignal frå Ullensvang Kommune kom. I tillegg sponsar Jondal Bygdelag og Sentralen Gjenbruk med kr. 5000,- kvar. Arbeidet er begynt og er planlagt ferdigstilt i løpet av neste sommar. 

  2. Tilskot på kr. 50.000,- frå Vestland Fylkeskommune til prosjektet “Fritt fram - friluftsliv for alle”. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Jondal Frivilligsentral,  Odda/Ullensvang Frivilligsentralar og verksemd for inkludering i Ullensvang kommune. Gjennom prosjektet  ynskjer me å stimulere til auka interesse for friluftsliv hos innbyggjarar med innvandrarbakgrunn gjennom å tilby lystbetonte, lett tilgjengeleg opplevingar i friluft, og bidra til å gjere vegen inn i organiserte lag og foreiningar kortare.

  3. Tilskot frå Hardangerstiftinga på kr. 40.000,- til prosjektet “Saman på nett i Ullensvang”. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Jondal FS og Odda FS med mål om å skapa aktivitet, læring og samskaping på nett gjennom den digitale møteplattformen Whereby. Arbeidet med prosjektet startar opp til hausten.

Ein stor takk til Hardangerstiftinga og Vestland Fylkeskommune for tru på prosjekta våre!

Det kjem til å bli ein innhaldsrik og travel haust, så no ser eg fram til 3 vekers ferie for å lade batteria!

Sentralen Gjenbruk og møtestad held ope som normalt heile sommaren og den engasjerte  gjenbruksgjengen ynskjer dykk hjarteleg velkomne til gjenbrukshandel og ein hyggeleg prat!

GOD SOMMAR og TAKK FOR ALLE GODE BIDRAG OG HYGGELEGE MØTER SÅ LANGT I ÅR.  

Helsing Liv Bente 

To av dei gode og engasjerte på Sentralen Gjenbruk; Martha og Aud Else 

2024 © Jondal frivilligsentral