-
Den nye Brekkefloren på Tveddal
Vintaren 2021 kom ei gruppe engasjerte seniorar innom kontoret her på Frivilligsentralen med eit stort ynskje om å restaurera den gamle “Brekkefloren” på Tveddal, slik at den kan vera ein fin kvilestad for vandrarar og turgåarar i området. Nybygget som vart satt opp på slutten av 90-talet var dessverre etter mange år utan vedlikehald i svært dårleg stand, og i ei slik forfatning at den ikke kunna la seg vøla. Dei ynskte å ta ned denne gamle konstruksjonen, og erstatta den med eit mindre grindbygg, bygd opp på dei gamle murane med grindvegger og skifer tak. Dette var ein så god ide, så dette måtte me prøva å få til!
Jondal Frivilligsentral inviterar seniorar til "Saman til mat og kultur"
Jondal Frivilligsentral inviterar til faste middagstreff med inspirerande kulturelle innslag for seniorar og eldre heimebuande i Jondalsområdet gjennom prosjektet "Saman til mat og kultur"Me ynskjer å bidra til felleskap og positiv sosialisering for eldre heimebuande gjennom å skape gode mat og måltidsopplevingar med inspirerande kulturelle innslag. Dette gjer me ved å invitera til felles middagstreff 4 gonger på hausten og 4 på våren. Middagstreffa vil skje på ulike stader, frå kick off middag på det nye hotellet, felles middag med bebuarane på sjukeheimen, til god husmannskost på dei lokale grannehusa.
Førebels program hausten 2021:
Torsdag 9.sept kl. 13 - 15 på Hardanger House hotellet i Jondal
Musikalsk innslag: Arild B.Nielsen & Stewart Barry
Meny: Smørstekt kveite med friske grønnsaker / Sjokolademousse med skogsbær
Torsdag 21. oktober kl. 13 - 15 i Matsalen på Kulturhuset i Herand
Torsdag 25. november kl. 13 - 15 på Vikevollen i Jondal
Torsdag 16. desember blir det julemiddag på Jonsvoll
Meir informasjon om meny og underhaldning for kvart arrangement blir annonsert i god tid.
Pris: Kr. 125,- pr. person (betales kontant, eller med vipps ved oppmøte)
Påmelding: Det vert begrensa plassar og førstemann til mølla prinsippet gjeld
Påmelding til Jondal Frivilligsentral på sms / telefon / epost
46526154 / jondal.frivilligsentral@gmail.com
eller via nettsidene våre: www.jondal.frivilligsentral.no
Påmelding til 1. treff på Hardanger House må skje innan 6. september
Me tilbyr skyss
“Saman til mat og kultur” er eit prosjekt i regi av Jondal Frivilligsentral, finansiert gjennom tilskot frå Helsedirektoratet
Del på:
-
Saman til mat og kultur i Olaløo 2. juni
-
Årsmelding 2021 for Jondal Frivilligsentral
Her kan du lese Årsmeldingen for 2021 for Jondal Frivilligsentral.
-
Frivillighetens år 2022 - fokus på frivilligheten i Jondalsområdet
2022 er frivilligheitas år og Jondal Frivilligsentral ynskjer gjennom året å sette fokus på all den flotte frivillige aktiviteten som blir gjort av lag og foreninger i området vårt.
-
"Saman til mat og kultur" på Hardanger House