-
Den nye Brekkefloren på Tveddal
Vintaren 2021 kom ei gruppe engasjerte seniorar innom kontoret her på Frivilligsentralen med eit stort ynskje om å restaurera den gamle “Brekkefloren” på Tveddal, slik at den kan vera ein fin kvilestad for vandrarar og turgåarar i området. Nybygget som vart satt opp på slutten av 90-talet var dessverre etter mange år utan vedlikehald i svært dårleg stand, og i ei slik forfatning at den ikke kunna la seg vøla. Dei ynskte å ta ned denne gamle konstruksjonen, og erstatta den med eit mindre grindbygg, bygd opp på dei gamle murane med grindvegger og skifer tak. Dette var ein så god ide, så dette måtte me prøva å få til!
Christine Molven er ansatt i 20 % prosjektstilling i Jondal Frivilligsentral
Me ynskjer Christine velkommen på laget her i Jondal Frivilligsentral!I haust lyste me ut ei 20 % prosjektstilling her i Jondal Frivilligsentral. Me er svært glade for at Christine søkte og takka ja til stillinga. Ho byrja 1.desember og skal bidra saman med dagleg leiar, Liv Bente Steiro, i oppbygginga av Sentralen som ein møtestad med særleg fokus på aktivitet for seniorar og eldre.
Christine er utdanna sjukepleiar og har stort hjarte for frivilligheit. Ho gler seg til å vere med å bygge opp Sentralen med ulike aktivitetar og skape gode møter mellom menneske.
Del på:
-
Saman til mat og kultur i Olaløo 2. juni
-
Årsmelding 2021 for Jondal Frivilligsentral
Her kan du lese Årsmeldingen for 2021 for Jondal Frivilligsentral.
-
Frivillighetens år 2022 - fokus på frivilligheten i Jondalsområdet
2022 er frivilligheitas år og Jondal Frivilligsentral ynskjer gjennom året å sette fokus på all den flotte frivillige aktiviteten som blir gjort av lag og foreninger i området vårt.
-
"Saman til mat og kultur" på Hardanger House