-
Den nye Brekkefloren på Tveddal
Vintaren 2021 kom ei gruppe engasjerte seniorar innom kontoret her på Frivilligsentralen med eit stort ynskje om å restaurera den gamle “Brekkefloren” på Tveddal, slik at den kan vera ein fin kvilestad for vandrarar og turgåarar i området. Nybygget som vart satt opp på slutten av 90-talet var dessverre etter mange år utan vedlikehald i svært dårleg stand, og i ei slik forfatning at den ikke kunna la seg vøla. Dei ynskte å ta ned denne gamle konstruksjonen, og erstatta den med eit mindre grindbygg, bygd opp på dei gamle murane med grindvegger og skifer tak. Dette var ein så god ide, så dette måtte me prøva å få til!
FLAGGJAKT 17.MAI 2020
Frivilligsentralane i Jondal og Odda/Ullensvang samt alle matbutikkane i Ullensvang arrangerer Flaggjakt for born på 17.mai! Vi oppfordrer alle til å pynta med flagg i vindauget, i hagen, på terrassen ol. for å gjere dette til ein kjekk aktivitet!Ein anna variant av Bamsejakten med andre ord: Kryss ut kor mange flagg du klarer å finna i ditt nærområde, levér inn kortet i en kasse plassert ved utgangen på din nærbutikk innan 20.mai - og vær med i trekninga om ein kjempestor pose snop på kvar butikk🤗
Flaggjakt - kort finn du på alle 15 matbutikkar i kommunen frå onsdag 13.mai, eller du kan laste dei ned på Ullensvang kommune sine nettsider her: https://ullensvang.kommune.no/?p=4138
Desse butikkane er med frå Jondalsdistriktet:
Herand Landhandleri
Coop Jondal
Spar Jondal
Ha ein strålande 17.mai og ei spanande Flaggjakt!
Del på:
-
Saman til mat og kultur i Olaløo 2. juni
-
Årsmelding 2021 for Jondal Frivilligsentral
Her kan du lese Årsmeldingen for 2021 for Jondal Frivilligsentral.
-
Frivillighetens år 2022 - fokus på frivilligheten i Jondalsområdet
2022 er frivilligheitas år og Jondal Frivilligsentral ynskjer gjennom året å sette fokus på all den flotte frivillige aktiviteten som blir gjort av lag og foreninger i området vårt.
-
"Saman til mat og kultur" på Hardanger House