Jondal Frivilligsentral inviterar seniorar til "Saman til mat og kultur"

Jondal Frivilligsentral inviterar til faste middagstreff med inspirerande kulturelle innslag for seniorar og eldre heimebuande i Jondalsområdet gjennom prosjektet "Saman til mat og kultur"

Me ynskjer å bidra til felleskap og positiv sosialisering for eldre heimebuande gjennom å skape gode mat og måltidsopplevingar med inspirerande kulturelle innslag. Dette gjer me ved å invitera til felles middagstreff 4 gonger  på hausten og 4 på våren. Middagstreffa vil skje på ulike stader,  frå kick off middag på det nye hotellet, felles middag med bebuarane på sjukeheimen, til god husmannskost på dei lokale grannehusa. 

Førebels program hausten 2021: 

Torsdag 9.sept kl. 13 - 15 på Hardanger House hotellet i Jondal

Musikalsk innslag: Arild B.Nielsen & Stewart Barry

Meny: Smørstekt kveite med friske grønnsaker /  Sjokolademousse med skogsbær


Torsdag 21. oktober kl. 13 - 15 i Matsalen på Kulturhuset i Herand

Torsdag 25. november kl. 13 - 15 på Vikevollen i Jondal

Torsdag 16. desember blir det julemiddag på Jonsvoll

Meir informasjon om meny og underhaldning for kvart arrangement blir annonsert i god tid.  

Pris: Kr. 125,- pr. person (betales kontant, eller med vipps ved oppmøte)


Påmelding: Det vert begrensa plassar og førstemann til mølla prinsippet gjeld

Påmelding til Jondal Frivilligsentral på sms / telefon / epost

46526154 / jondal.frivilligsentral@gmail.com

eller via nettsidene våre: www.jondal.frivilligsentral.no

Påmelding til 1. treff på Hardanger House må skje innan 6. september

Me tilbyr skyss

“Saman til mat og kultur” er eit prosjekt i regi av Jondal Frivilligsentral, finansiert gjennom tilskot frå Helsedirektoratet



2022 © Jondal frivilligsentral