Torsdag 9 September 2021
Kl. 13:00 - 15:00, Hardanger House, Jondal "Saman til mat og kultur" på Hardanger House
Jondal Frivilligsentral inviterar seniorar til flott middag og god underhalding på Hardanger House Hotel i Jondal torsdag den 9. sept kl. 13.

Me ynskjer å bidra til felleskap og positiv sosialisering for eldre heimebuande gjennom å skape gode mat og måltidsopplevingar med inspirerande kulturelle innslag. Dette gjer me ved å invitera til felles middagstreff 4 gonger  på hausten og 4 på våren. Middagstreffa vil skje på ulike stader,  frå kick off middag på det nye hotellet, felles middag med bebuarane på sjukeheimen, til god husmannskost på dei lokale grannahusa. 

Fyrste treff er torsdag 9.sept kl. 13 - 15 på Hardanger House hotellet i Jondal

Musikalsk innslag: Arild B.Nielsen & Stewart Barry

Meny: Smørstekt kveite med friske grønnsaker /  Sjokolademousse med skogsbær

Pris: Kr. 125,- pr. person (betales kontant, eller med vipps ved oppmøte)

Påmelding: Det vert begrensa plassar og førstemann til mølla prinsippet gjeld

Påmelding til Jondal Frivilligsentral på sms / telefon / epost

46526154 / jondal.frivilligsentral@gmail.com

eller via nettsidene våre: www.jondal.frivilligsentral.no

Påmelding til 1. treff på Hardanger House må skje innan 6. september

Gje oss beskjed om du treng skyss, så ordnar me det.

“Saman til mat og kultur” er eit prosjekt i regi av Jondal Frivilligsentral, finansiert gjennom tilskot frå Helsedirektoratet



Påmelding er stengt
2022 © Jondal frivilligsentral