Søndag 28 Juni 2020
Kl. 14:00 - 17:00, Jondal Frivilligsentral
Innsamling av lopper og litt gøy dugnadsarbeid på Sentralen
Sentralen skal bli ein kjempekoselig møtestad i Jondal med eigen bruktbutikk kor det alltid skal vera kaffi og vafler på bordet♻️ Før me tar ferie og før opning i august er det en del jobb som må gjerast 💪🏼 Me inviterer til ein liten dugnadsøkt på søndag kl 14.

Litt av det med treng å gjera: vaska dei brukte skattane me allereie har fått inn, sette opp hyller, setta priser, planlegga litt, få oversikt .... og me TRENG FLEIRE LOPPER 🍀 Har dykk nett rydda og har fine ting dykk vil gje vidare til Frivilligsentralen, så er dykk velkomne til å levera på søndag. Tinga vil seljast vidare til ein rimelig penge, og all inntekt vil gå til å drifta Sentralen som møtestad

Ring Liv Bente på 46526154 / 99563592 om du har spørsmål. Gje meg gjerne beskjed om du kjem. 

Om du har lyst å hjelpa til med å vaska, så ta gjerne med bøtte og klut :)   

Me tek imot alt som er fint og brukanes, frå gammalt til nytt. Fine glas og koppar, serviser, kule møblar, gryter, saftkokar, blomapotter, småmøblar, lamper, dukar, åkler, speil, ski, skøyter, solsenger....

Me tek og imot litt kler og sko. 

Saman skapar me ein fin og god møtestad i Jondal ♥

2024 © Jondal frivilligsentral