Turvenn / aktivitetsvenn med bebuarar på Vikevollen sjukeheim.

Likar du å gå tur i nærmiljøet her i Jondal? Kunne du tenkt deg å være turvenn med ein bebuar på Vikevollen eller andre heimebuande som har behov for ein turven? Vi samarbeider med Vikevollen Sjukeheim og ynskjer å bygge opp ei gruppe med frivillige som kan vera tur/aktitvitetsvenner. Ta kontakt med Frivilligsentralen:)

Aldersgruppe: For alle

På Vikevollen sjukeheim er det fleire bebuarar som har stor glede av å komma seg ut i naturen og rundt i nærområda. Jondal Frivilligsentral treng no å komma i kontakt med fleire som har et ynskje om å vera tur/aktivitetsvenner. 

Nokon sit i rullestol og treng rullehjelp. Nokon er kjappe på foten, og trenger følge og selskap. Nokon vil gå ein tur rundt Elvastien. Nokon vil berre rusle ein tur ned til kaien. Nokon har glede av å vere med på hagearbeid o.l. Vi er alle unike med unike behov. 

Før du startar opp vil du få grundig rettleiing og du vil heile tida ha eit støtteapparat som kan bistå og rettleie deg. 

Det kan og vere moglegheit for engasjement som  lønna støttekontakt.

Om du er ungdom, midt i livet eller senior, og har tid og ynskje om å vera ein slik venn, så ta kontakt med Christine her på Frivilligsentralen, så finn me gode vener i lag.

2024 © Jondal frivilligsentral