Den nye Brekkefloren på Tveddal

Vintaren 2021 kom ei gruppe engasjerte seniorar innom kontoret her på Frivilligsentralen med eit stort ynskje om å restaurera den gamle “Brekkefloren” på Tveddal, slik at den kan vera ein fin kvilestad for vandrarar og turgåarar i området. Nybygget som vart satt opp på slutten av 90-talet var dessverre etter mange år utan vedlikehald i svært dårleg stand, og i ei slik forfatning at den ikke kunna la seg vøla. Dei ynskte å ta ned denne gamle konstruksjonen, og erstatta den med eit mindre grindbygg, bygd opp på dei gamle murane med grindvegger og skifer tak. Dette var ein så god ide, så dette måtte me prøva å få til!


Den gamle "Brekkefloren" på Tveddal. Det er Ullensvang Kommune som er grunneigar av Tveddalstølen, og løyve til å rive og bygge opp att Brekkefloren blei gitt.

Budsjett viste ein kostnad på ca. 75.000,- og søknad på 55.000,- blei sendt til Hardangerstiftinga, og i mai 2021 fekk me til stor glede innvilga søknaden og arbeidet kunne ta til. I tillegg fekk prosjektet gåve på 5.000,- frå Jondal Bygdalag og 5000,- frå Sentralen Gjenbruk. 

I oktober 2021 starta dugnadsgjengen arbeidet med å ta ned den gamle floren. 

Sitat frå referat  23.okt. 2021: “Den gamle floren var svært råten og vært teken ned. Arbeidet varde frå kl. 10 - 14. Desse var med: Grete Vik, Arne Eikeland, Åke Roseth, Harald Prestegard, Egil Handegard. Harald hadde med traktor. Arbeidet gjekk greit og effektivt. Me gav oss tid til “skogskaffi” og Grete hadde med heimalaga eplekake. Og medan me sat og slappa av med niste, kaffi og kake, ja, då kom til og med sola fram - ein vellukka dag!”

Tømmerhogst ved Espelandsvatnet med Arne Eikeland, Åke Roseth, Harald Prestegard, Egil Handegard

I november starta dugnadsfolket med å hogga tømmer til nybygget, og den 2.nov skriv dei: “Tømmerhogst ved Espelandsvatnet. Arbeid frå 10 til 14. Me hadde ein liten gjennomgang på sikker tømmerfelling. Så var det arbeid med kvisting, rydding, vinsjing og flytting av tømmer fram til lunneplass. Det vart og tid til “skogskaffi”. Ein ny, god dag på jobb!”.

I mai 2022 når våren og var kommen til Tveddal, byrja arbeidet igjen og mang ein dugnadstime er lagt ned i arbeidet med oppbygging av den nye "Brekkefloren". All material var ferdig skåren, og kjørt ut til Tveddal og klargjort til helikopter transport siste stykket til stølen. Så startet dugnaden på å reise opp bygget. 

Etter at all tømmeret var kommet vel fram, starta oppbygginga av Brekkefloren igjen. 

Etter at  fundamentarbeid var utførd blei dei fyrste veggane reist. Fyrste veggen kom opp før lunsj. Etter ein god lunsj med bålkaffi, kake og lappar vart den andre veggen reist og stavleia lagde opp. Den neste dagen blei bygget justert på plass og stavleiane sette fast og skråband montert. Etter ein god lunsj vart det montert sperr.  

 

Leif Kåre Vikane, Jon Birger Stavenes, Andrew Williams, Laila Vikane, Even Handegard, Lars Olav Borgen, Grete Vik, Egil Handegard, Arne Eikeland, Harald Prestegård, Lars Olav Borgen

All æra til desse entusiastiske seniorane som har tatt på seg dette oppdraget for at me alle skal få nyta godt av vakker natur og ha ein så fin rasteplass. Det er heilt fantastisk!! 

Brekkefloren skal etter planen (om ver og anna held) vera ferdig i løpet av seinsommaren, og det vil då bli ei fin feiring for alle på Tveddal stølen. 

Takk til Inger Karin Sivertsen og Lars Olav Borgen for fine bilete. 


2024 © Jondal frivilligsentral